Sal/ installasjon

timthumbSal
Gloria AS driv med sal av lyd-, lys- og audiovisuelt utstyr, samt musikkinstrument, rekvisita m.m. Me leverer også høgkvalitets høgtalar-, mic- og instrumentkablar frå Klotz/ Neutrik, laga nøyaktig etter ditt behov. Musikkrekvisita som trommestikker, gitarstrenger, bassgitarstrenger, metronom/ tuner og kabel har me normalt på lager.

herøy frikyrkjeInstallasjon
Gloria AS har utført store og små installasjonar av lyd- og lysutstyr. Me har bl.a. levert total lydinstallasjon i fleire kyrkjer og forsamlingshus. Herøy frikyrkje (Møre og Romsdal, biletet) fekk til sitt nybygg, som stod ferdig i 2011, levert lydutstyr frå Gloria AS; Turbosound TCS-12294 toppar, Turbosound NuQ 15″ subbar, LAB C 48:4 og LAB C 28:4 forsterkarar, Turbosound LMS-D24 digital Controller, Turbosound TXD-12M monitorar, Digico SD9 digitalmiksar, mikrofonar frå Shure, Sennheiser og AKG. Gloria AS har også levert komplette lydinstallasjonar til bl.a. Øystese kyrkje, Øysteseheimen, Mikkjelsflaten omsorgsbustader, Vikøy kyrkje, Tørvikbygd bedehus og Strandebarm kyrkjelydshus. Fleire av desse installasjonane omfatta også audiovisuelt utstyr og teleslyngeanlegg. Ta kontakt for referansar eller ein utstyrsprat.