God jul og godt nytt år!

Me i Gloria as takkar alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid i 2017! Samstundes ynskjer me alle ei god jul og eit godt nytt år! Me ser fram til eit spanande 2018!

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Julekonsert i Øystese

Tysdag 12. desember kl. 19.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Øystese bedehus. Ungdomskoret med solistar og orkester framfører nye og gamle julesongar. I tillegg medverkar Kvam Soul Children og Isolde Holt Holene.

Gloria AS er på plass med lyd- og lysanlegg og teknikarane Vidar Stensletten Eik og Andreas Ølfarnes.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Julekonsert med Garness og Mathias Eick

Laurdag 9. desember er det julekonsert med Garness og Mathias Eick i Johanneskirken i Bergen. Den populære duoen Garness består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Med seg på denne konserten har dei stjernetrompetist Mathias Eick samt eit band beståande av Torjus Vierli (tangentar og vokal), Thomas Gallatin (trommer og vokal) og Tor Egil Kreken (bass, gitar og vokal).

Som på julekonserten med Gospel Bergen same stad dagen før, er Gloria AS på plass. Me stiller med lyd og lysanlegg samt systemteknikar Vidar Sangolt og lysteknikar Thomas Byrknes.

Konserten startar kl. 19.30.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Jul med Gospel Bergen

Fredag 8. desember arrangerer Gospel Bergen den tradisjonsrike konserten «Jul med Gospel Bergen» i Johanneskirken i Bergen. Konserten startar kl 19:00. Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg samt lydteknikar Vidar Sangolt og lysteknikar Thomas Byrknes.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Konsert og talentiade i Framnes Arena

Fredag 1. desember kl. 21.00 er det konsert med Norheimsund og Øystese ungdomskor i Framnes Arena i Norheimsund. Dagen etter er det klart for den tradisjonsrike Talentiaden same stad kl. 20.00.

Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt, Vidar Stensletten Eik og Thomas Byrknes.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Lynkurs i Kabuso

Torsdag 23. november arrangerer Sparebanken Vest lynkurs for unge bustadkjøparar i Kabuso i Øystese. Banken lovar ein nyttig og underhaldande kveld, der Anders Hoff og Øyvind Rafto frå Raske Menn er konferansierar.

Arrangementet startar kl. 19.00. Gloria AS er på plass med  lydsupplering og lydteknikar Vidar Sangolt.

 

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Stumfilmkonsert i Kabuso

Torsdag 16. november vert det stumfilmkonsert med Anders Røine band i Kabuso i Øystese. Bandet består av Anders Røine (song, gitar, el-gitar, langeleik, munnharpe, munnspel), Marit Karlberg (song, langeleik, trøorgel), Hans Hulbækmo (perkusjon, sag, munnharpe, song) og Sondre Meisfjord (kontrabass, elbass, song). Røine har laga musikk til den siste norske stumfilmen, Kristine Valdresdatter. Denne kvelden skal musikken fremførast live, medan filmen vert vist. Røine fekk Spelemannsprisen for albumet med denne musikken.

Konserten startar kl. 19.00. Gloria AS er på plass med backline, lydsupplering og lydteknikar Vidar Sangolt.

Stumfilmkonserten er eit samarbeid mellom Kabuso og Kvam filmklubb.

 

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Femårsjubileum for Bornas Verdsdag i Norheimsund!

Sundag arrangerer Kvam kulturskule  for femte gong Bornas Verdsdag  i Norheimsund. Det vert verkstadar, aktivitetar, konsertar og internasjonalt matmarknad på Norheimsund skule og i Norheimsund idrettshall. Arrangementet startar kl. 11.30, og kl. 15.30 vert det avslutningskonsert  med elevar frå Kvinnherad kulturskule sitt marimbaorkester.

Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Rejoice i Øystese

27.-29. oktober er det klart for den femtande utgåva av ungdomskonferansen Rejoice. I år vert konferansen arrangert i Øystese bedehus. På programmet står blant anna konsert, møter og kafè.

Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Andreas Ølfarnes og Vidar Stensletten Eik. Les meir om arrangementet på www.rejoice.no.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

«Hjertelig» tilgjengeleg for streaming

Plata «Hjertelig» med Nancy Karine Sangolt er no tilgjengeleg på alle streamingtenester!
Medverkande: Nancy Karine Sangolt, Magnus Fjelde, Bjørnar Sangolt, Thomas Gallatin, Vidar Sangolt, Arvid Aasprang, Arnt Thyve, Magnus Hisdal, Ranveig Bjelland, John-Sindre Sætrenes, Torgeir Kinne Solsvik, Kristin Rydland Haukeland.

https://tidal.com/album/74541770

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar