Konsertarrangør

Sigvart Dagsland i Norheimsund kyrkje 2008Gloria AS arrangerer konsertar, revyar og andre tilskipingar. Me arrangerer i hovudsak tilskipingar med lokale aktørar, men me har også arrangert konsertar med blant andre Herborg Kråkevik, Jan Eggum og Sigvart Dagsland. Kvart år arrangerer me ei utgåve av «Trøkk! – ei humoristisk og musikalsk oppleving!». Her medverkar både songarar, musikarar og humoristar. Dei fleste er lokale, men dei profilerte komikarane Bye og Rønning, Are Kalvø og Sjur Hjeltnes har også medverka. Me er først og fremst arrangør for tilskipingar i Kvam, men me har også arrangert konsertar andre stader. Me arrangerer gjerne tilskipingar i samarbeid med andre. Ta kontakt dersom du ynskjer å samarbeide med oss om ei tilskiping eller at me skal arrangera ei tilskiping for deg.