Gloria AS blir Vestprod AS

Gloria starta som konsertarrangør og management i 1997. Etter kvart utvida me også med lyd- og lysproduksjon. I 2006 oppretta me aksjeselskapet Gloria AS. Me har vore heldige å få jobba med landets fremste aktørar i musikkbransjen (sjå referanselista), men like stor pris har me sett på samarbeid med lokale skular, revyar, kulturhus, festivalar, ungdomsarrangement, kulturskule, kyrkje og bedehus. Utstyrsparken har sakte men sikkert bygd seg opp, og i dag kan me tilby totalleveransar med lyd, lys og AV-utstyr av topp kvalitet. Medan me i starten heldt oss mest i Kvam, tek me no oppdrag på heile vestlandet. 1. juni 2018 skifta me namn til Vestprod AS. Fokus blir på lyd- og lysproduksjon, men me tilbyr også studioinnspelingar, utleige av backline og sal og installasjon av lyd-, lys og AV-utstyr. Me håpar på framleis godt samarbeid med alle våre kundar og samarbeidspartnarar! Følg oss vidare på facebook og på vestprod.no. Beste helsing Håvard og Vidar i Vestprod AS.

Dette innlegget ble publisert i Gloria. Bokmerk permalenken.