Femårsjubileum for Bornas Verdsdag i Norheimsund!

Sundag arrangerer Kvam kulturskule  for femte gong Bornas Verdsdag  i Norheimsund. Det vert verkstadar, aktivitetar, konsertar og internasjonalt matmarknad på Norheimsund skule og i Norheimsund idrettshall. Arrangementet startar kl. 11.30, og kl. 15.30 vert det avslutningskonsert  med elevar frå Kvinnherad kulturskule sitt marimbaorkester.

Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg.

Dette innlegget vart lagt inn i Gloria. Bokmerk fastlenkja.