Skribentarkiv: havard
Norheimsund og Øystese ungdomsskor feirar 50 år!
Norheimsund og Øystese ungdomsskor rundar 50 år i år. Laurdag 21. april vert dette markert med jubileumskonsert i Norheimsund kyrkje. Dagens ungdomskor, gamliskor, felleskor, musikarar og solistar frå ulike tider medverkar på konserten. Konserten startar kl. 18.00. Gloria AS er … Les meir
Russerevy på Framnes
Helga 14.-15. april er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes Kristne Vidaregåande Skule i Norheimsund. I år har revyen fått namnet «Revylusjon». Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag 14. april kl. 19 og sundag 15. april kl. 16.30, … Les meir
God påske!
Me i Gloria AS ynskjer våre samarbeidspartnarar og gode musikkvener ein god påske!
Påskekonsert og turné
23. – 28. mars reiser Norheimsund og Øystese Ungdomskor på turné til sørlandet. Koret skal ha konsertar på Konsmo, Vennesla, Birkeland og i Lyngdal. Turnéen startar med konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 22. mars kl. 20.00. Gjennom musikk, tekstlesing/ drama, … Les meir
Gloria AS med lyd og lys på UKM
Sundag 18. februar er det klart for årets utgåve av Ung Kultur Møtest (UKM) i Kvam. Arrangementet startar kl. 14.00 i Norheimsund idrettshall. Unge talent vil framføra sytten sceneinnslag. I tillegg vert det vist tre filmar og eitt bilete samt at … Les meir
Stein Urheim til Kabuso
Sundag 4. februar vert det konsert med gitarist Stein Urheim og The Cosmolodic Orchestra i Kabuso i Øystese. Bandet består av Mari Kvien Brunvoll (vokal, elektronikk), Per Jørgensen (trompet, vokal), Kjetil Møster (saksofonar, bassklarinett, elektronikk), Ole Morten Vågan (kontrabass), Kåre Opheim (trommer, … Les meir
«Ein farfar i livet»
Denne helga arrangerer tiandeklassingane ved Kvam ungdomsskule sin årlege vinterfest i Øystesehallen. Fredag 5. januar er det framsyning og fest for alle tilsette og elevar med føresette kl. 19.00. Elevane skal først visa musikalen «Ein farfar i livet». Deretter er det … Les meir
God jul og godt nytt år!
Me i Gloria as takkar alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid i 2017! Samstundes ynskjer me alle ei god jul og eit godt nytt år! Me ser fram til eit spanande 2018!
Julekonsert i Øystese
Tysdag 12. desember kl. 19.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Øystese bedehus. Ungdomskoret med solistar og orkester framfører nye og gamle julesongar. I tillegg medverkar Kvam Soul Children og Isolde Holt Holene. Gloria AS er på plass med lyd- … Les meir
Julekonsert med Garness og Mathias Eick
Laurdag 9. desember er det julekonsert med Garness og Mathias Eick i Johanneskirken i Bergen. Den populære duoen Garness består av tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Med seg på denne konserten har dei stjernetrompetist Mathias Eick samt eit … Les meir