Gloria AS blir Vestprod AS

Gloria starta som konsertarrangør og management i 1997. Etter kvart utvida me også med lyd- og lysproduksjon. I 2006 oppretta me aksjeselskapet Gloria AS. Me har vore heldige å få jobba med landets fremste aktørar i musikkbransjen (sjå referanselista), men like stor pris har me sett på samarbeid med lokale skular, revyar, kulturhus, festivalar, ungdomsarrangement, kulturskule, kyrkje og bedehus. Utstyrsparken har sakte men sikkert bygd seg opp, og i dag kan me tilby totalleveransar med lyd, lys og AV-utstyr av topp kvalitet. Medan me i starten heldt oss mest i Kvam, tek me no oppdrag på heile vestlandet. 1. juni 2018 skifta me namn til Vestprod AS. Fokus blir på lyd- og lysproduksjon, men me tilbyr også studioinnspelingar, utleige av backline og sal og installasjon av lyd-, lys og AV-utstyr. Me håpar på framleis godt samarbeid med alle våre kundar og samarbeidspartnarar! Følg oss vidare på facebook og på vestprod.no. Beste helsing Håvard og Vidar i Vestprod AS.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Gloria AS på Refuel Weekend 18

Helga 25.-27. mai er det klart for Refuel Weekend 18 i Rong Kulturhus i Øygarden. På programmet står blant anna konsert, seminar og gudsteneste.

Gloria AS er på plass med lysanlegg, lydsupplering og teknikar Vidar Sangolt.

 

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Gloria AS med lyd på 17. mai-feiringa i Norheimsund og Øystese

Det nærmar seg 17. mai, og som dei siste åra skal Gloria AS ha lyd på 17. mai-feiringa både i Norheimsund og Øystese.

I Norheimsund stiller me med lyd på haldeplassen før toget startar, når toget stoppar ved Toloheimen og under folkefesten i Norheimsund idrettshall. Teknikar er Vidar Sangolt.

I Øystese skal me sørga for lyd under minnestunda ved kyrkja, når toget stoppar ved Mikjelsflaten og under folkefesten i Øystesehallen. Teknikar er Vidar Stensletten Eik.

Gloria AS ynskjer alle ein god 17. mai!

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Norheimsund og Øystese ungdomsskor feirar 50 år!

Norheimsund og Øystese ungdomsskor rundar 50 år i år. Laurdag 21. april vert dette markert med jubileumskonsert i Norheimsund kyrkje. Dagens ungdomskor, gamliskor, felleskor, musikarar og solistar frå ulike tider medverkar på konserten.

Konserten startar kl. 18.00. Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Anders Heibø og Vidar Stensletten Eik.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Russerevy på Framnes

Helga 14.-15. april er det klart for den tradisjonsrike russerevyen på Framnes Kristne Vidaregåande Skule i Norheimsund.  I år har revyen fått namnet «Revylusjon». Russen ved skulen inviterer til framsyning laurdag 14. april kl. 19 og sundag 15. april kl. 16.30, og inntektene frå revyen går til misjonsprosjektet deira. For første gong vert revyen avvikla i nye Framnes Arena.

Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg, storskjerm og teknikarane Vidar Sangolt og Thomas Byrknes.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

God påske!

Me i Gloria AS ynskjer våre samarbeidspartnarar og gode musikkvener ein god påske!

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Påskekonsert og turné

23. – 28. mars reiser Norheimsund og Øystese Ungdomskor på turné til sørlandet.  Koret skal ha konsertar på Konsmo, Vennesla, Birkeland og i Lyngdal. Turnéen startar med konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 22. mars kl. 20.00. Gjennom musikk, tekstlesing/ drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nye påskesongar.

Gloria AS stiller med lyd og lysanlegg på heile turnèen.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Gloria AS med lyd og lys på UKM

Sundag 18. februar er det klart for årets utgåve av Ung Kultur Møtest (UKM)  i Kvam. Arrangementet startar kl. 14.00 i Norheimsund idrettshall.  Unge talent vil framføra sytten sceneinnslag. I tillegg vert det vist tre filmar og eitt bilete samt at ein konferansièr bind det heile saman. Nokre av innslaga går vidare til fylkesfestivalen, der nokre igjen går vidare til landsfestivalen.

Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikarane Vidar Sangolt og Gunnar Åsebø. Me ynskjer alle deltakarane lukke til under arrangementet!

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

Stein Urheim til Kabuso

Sundag 4. februar vert det konsert med gitarist Stein Urheim og The Cosmolodic Orchestra i Kabuso i Øystese.  Bandet består av Mari Kvien Brunvoll (vokal, elektronikk),
Per Jørgensen (trompet, vokal),  Kjetil Møster (saksofonar, bassklarinett, elektronikk),
Ole Morten Vågan (kontrabass), Kåre Opheim (trommer, perkusjon) og Stein Urheim (gitarar, elektronikk, vokal). Dette er eit stjernelag av musikarar som ein no kan få oppleva i Kabuso.

Konserten startar kl. 18.00, og Gloria AS er på plass med lydsupplering og lydteknikar Alvin Vestrheim.

 

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar

«Ein farfar i livet»

Denne helga arrangerer tiandeklassingane ved Kvam ungdomsskule sin årlege vinterfest i Øystesehallen. Fredag 5. januar er det framsyning og fest for alle tilsette og elevar med føresette kl. 19.00.  Elevane skal først visa musikalen «Ein farfar i livet». Deretter er det lotteri, mat og dans.

Laurdag er det ei open framsyning av «Ein farfar i livet» kl. 15.00.

Gloria AS er på plass med lyd og lysanlegg og teknikar Vidar Sangolt begge dagar. I tillegg hjelper fleire av elevane til med den tekniske delen.

Skrevet i Gloria | Legg igjen en kommentar